30 årsjubileum 2009

Tilbake

Markering av 800 års jubileumet for slaget ved Fimreite 1184.

Kong Olav på Nornes 15.06.1984

 

Startside

Medlemar

Lagssoga

Terminliste

Styret

Konsertar

Seminar

Musikkens venner

Korpsturar

Vent denne sida er under redigering....

Korpset feira 30 årsjubileum 7. november 2009 i Nortun...

Jubileumskonserten var ei stor oppleving!

Leiar Hilde Bøtun ønskte publikum velkomen til konserten og jubileumsfeiringi.

Jorunn Merete Haukås-Eide leia konserten og presenterte musikkstykka med historiske tilbakeblikk.

17 tidlegare medlemar + 2 frå Kaupanger til dei 16 faste med vår dirigent Arild Slinde presterte den beste konsert nokon gong i Nortun! 

Publikum og inviterte gjester gav korpset ståande applaus og mange helsingar og gåver overlevert.

Norges Musikkorps Nord Vestlandet v/ KariAnne Smith Vindenes delte ut NMF 30 årsmedaljar til Arild Slinde og Leif Arne Aasen.

Det vanka blomster og gode ord til Alfred Fardal, Arild Slinde og Leif Arne Aasen.

Sogndal Kommune v/ Jarle Årvoll talte varmt om korpset og delte ut gåve og blomster

Blanke Messingen v/ Robert Kvam med helsing og gåve

Sogndal Musikklag v/ Hans Mark Svedal med helsing og gåve

Sogndal Skulemusikk v/ ?  med helsing og gåve

Fjærland Skulemusikk med helsing og gåve

Kaupanger Skule og Ungdomskorps v/ Liv Marit Menes med helsing og gåve.

Jubilanten takka tidlegare medlemar for vel blåst og Liv Marit og Bent Berglie for at dei spelte baryton på konserten!

Det er svært gledleg at tidlegare medlemar kan tenkje seg å tre inn i korpset ved passande høve!

Under servering av kaffi, kaker og juice vart det vist Bildekavalkade frå 1979 til 2009...

Klikk bilete...

 

Kjære tidlegare Nsuk medlem!

Ref.: Nsuk 19.07.2009

Invitasjon til 30 års jubileum
  
Norane Skule- og Ungdomskorps vart skipa 12.02.1979 og er 30 år i 2009.

For å markere dette vil me arrangere  jubileumskonsert laurdag 7. nov. 2009 i                  Nortun, der me vil spela musikk frå dei siste 30 åra.

 Me inviterar med dette tidlegare medlemmar til å bli med oss denne kvelden.

Ynskjer du  å spela saman med oss,  er du hjarteleg velkommen til det.
Det hadde vore «stas» å fått til eit stort korps med skikkeleg «trøkk»  på

jubileumskonserten!!!


Notar vil me senda ut tidleg på hausten til dei som ynskjer å bli med og spela.
Det vil bli eit heilt konsertprogram. Felles øving legg me opp til fredag 06.11.
(kveld) og laurdag 07.11.(føremiddag).
 
For å lodde interessa ynskjer me eit foreløpig svar innan 10.august 2009.
Send svaret til:
hilde.botun@hotmail.com   eller send SMS tlf nr: 99 42 94 01    
 
 
Håpar du set av denne helga til å feira ilag med oss!!!
 
Med venleg helsing
Norane Skule og Ungdomskorps
Hilde Bøtun - leiar

Startside

Medlemar

Lagssoga

Terminliste

Styret

Konsertar

Seminar

Musikkens venner

Korpsturar