NORANE SKULE- OG UNGDOMSKORPS

Tilbake

Markering av 800 års jubileumet for slaget ved Fimreite 1184.

Kong Olav på Nornes 15.06.1984

 

Startside

Medlemar

Lagssoga

Terminliste

Styret

Konsertar

Seminar

Musikkens venner

Korpsturar

Lagssoga 1979-2009

 

Oppstartinga.

Samarbeidsutvala ved Nygard, Lomelde og Fimreite skular vart på møte i slutten av januar 79 samde om å freiste å få i gang skulemusikk i Norane.

På allmannamøte i Nortun den 12.2.79 vart det samrøystes vedteke å skipe eit musikkorps. Berre 10 dagar seinare hadde

dei første aspirantane meldt seg. Med god økonomisk hjelp frå fellesutvalet for sokneråda, kommunen, bankane i Sogndal

og ikkje minst bygdefolket, kjøpe interimsstyret inn instrument for kr 70.000 og starta øvingar.

På årsmøtet den 22.10.79 fekk korpset namnet Norane skule- og ungdomskorps. Det var viktig å få med ”ungdom” i namnet.

På den måten kunne ein vere med så lenge ein ville i korpset.

Bygdefolket slutta massivt opp om korpset: Med dei nemnde tilskota, kronerulling og ein fantastisk marknad våren 1979,

der ein forresten fekk for mange vinstar, var "NOSUK" gjeldfrie mindre enn eitt år etter oppstarten.

Vi er i gang.

Sundag 20.4.80 var det nok ein gong marknad i Nortun til inntekt for "NOSUK". Klokka 1630 spela korpset med dirigent

Arild Slinde for første gong offentleg. Det er ikkje godt å seie kven som var mest nervøs: Dirigent, musikantar eller foreldre.

Applausen tilsa i alle fall at framføringa av den engelske folkemelodien ”Drink to me only”  måtte vere eit høgdepunktet på musikkoppleving for nørene. At det var stor oppslutnad om marknaden syner også dette sitatet frå lagsprotokollen:

”Sokneprest Valle hadde i høve marknaden avlyst kveldsgudstenesta i Norum kyrkje og var med oss på marknaden”.

17. mai 1980 spela korpset på Norneshaugane og på Nygard. Fimreite fekk vitjing 11. juni same året. Ringen var slutta: Det tankearbeidet samarbeidsutvala for dei 3 skulekrinsane 1 ½ år tidlegare starta opp med var no eit konkret resultat:

Norane skule- og undgomskorps.

Frå kvit skjorte og svart bukse til uniform.

Til dei første speleoppdraga stillte korpset i kvit skjorte og svart bukse. Men alt på andre årsmøtet vart det bestemt at dette

gjekk ikkje lenger: Eit korps skal ha uniform! Eit allmannamøte måtte til i januar 1981 før eit detaljert uniformsoppsett vart

bestemt:

”Det vart bestemt at fargen på uniformen skal vere burgunder nr 1074 på jakka og grå nr 1075 på buksa. Uniformen skal vere nr 724.

Jakka skal ha  to knappar, vere avrunda nede, a la blaser-fasong og ha herreslag. Den skal ha fanemerke framme, og eitt flagg på

venstre arm. To striper på  ermene i gull, skulder epålett. Ei lyre på kvart jakkeslag. Skjorta skal vere kvit med merke. Det skal vere

svart slips. Båthue nr 5/1 skal høyre til, i jakkefargen. Buksa skal ha ei stripe 10mm som på jakka. Det skal vere svarte sko til,

 mokkasintype…… 17. mai 1981 marsjerte korpset i   nyinnkjøpte uniformer frå Konfeksjon as. i Sogndal (Geithusen)”. 

Fana.
Klede er ein ting, men merke noko anna. Det fekk ein erfare når fane skulle bestemmast og tingast. Etter ein del fram og attende med trykte motiv og tilbod frå Oslo og Bergen, synte det seg at løysinga var nærare enn ein trudde. Rolf Hansen i Fardal teikna utkastet og broderte  også fana. Motivet vart Slindabjørki på den eine sida og eit lyremotiv på den andre. "

Til 17. mai 1982, 3 år etter oppstarten, var korpset komplett: Instrument, musikantar, uniformer, fane og mange innøvde melodiar."  (Bilete frå Mjøsfestivalen 1990)

Tekstboks:

 

Musikkens Vener

I 1990 vart Musikkens vener skipa. Foreldra til musikantane og andre interesserte stilte opp med sitt eige arrangement:

Den årlege julemessa. Eit svært populært og inntektsbringande arrangement. Dei sel heimelaga produkt, og pengane går til

 utstyr, instrument og tiltak for å fremje eit positivt korpsmiljø.

Speleoppdrag og andre arrangement.

Tekstboks:
(Frå Nornes )
Likt alle andre musikkorps, er 17.mai høgdepunktet også for Norane skule- og ungdomskorps, I starten var det speling både på Nygard, Lomelde og frå 1983 også i folketoget i Sogndal.
 
Tekstboks:

 

(Frå 17. mai på Nygard)

 

 

 

Men ambisjonane var større enn som så for dette unge korpset. Detvart konsertar  rundt om i bygda, julekonsert, speling i kyrkja julaftan, vårkonsert, konsertar i Sogndal og elles i bygda og "tradisjonell" avslutningskonsert på Fimreite kring jonsok.


 

 

( Frå 17. mai Ylvisåker 2002)

Dei seinare åra er dei fleste arrangementa samla seg kring nyeskulen på Ylvisåker. 

 

 

I 1981 deltok korpset for første gong på skulemusikkstemna i Gaupne. Sidan den gang har det vorte minst ei stemne eller korpstur for året.

Samarbeidet med andre lag i bygda, som Norum songkor og Ytre Norane ungdomslag har vore godt. I saman arrangerer dei årleg juletrefest. Songkoret og korpset har samarbeidd om ”Syng med oss kveldar” og andre kulturelle tiltak.Ungdomslaget stiller øvingslokale og festlokale til disposisjon og ”deler” på bingoane med korpset. Ei viktig inntektskjelde for begge laga. 

Men ikkje berre speling: Der unge samlast må det også til litt anna sosialt. Frå lagsprotokollen finn vi dette om den første medlemsfesten:

”Det synte seg at det var stor interesse for festen. Med smått og stort var vi vel mellom 75-80 menneske. Svein Ove var festleiar. Det vart synt eit par sketsjar. Ein ved Anne Marit og Gøril, og ein ved Hilde og Laila. Helene las opp. Så var det leik. Njål synte filmen  han hadde teke den første kvelden dei fekk instrument. Nok ein film frå første 17.mai dei spelte i toget, på Norneshaugane og på Nygard. Det var mykje ulydar å høyre, så det er tydelege framsteg sidan den dagen… Tilslutt var det dans. Komiteen hadde leigd ei popgruppe frå Systrond, ”Thermos”.Dansegolvet var fullt heile kvelden. Festen var slutt kl 24.00.”

Lagsprotokollen syner at korpset har vore mykje engasjert. Eg siterer speleoppdrag frå årsmeldinga 1994/95, eit gjennomsnittsår:

3.12. Julemesse (Musikkens vener), 18.12. Julekonsert, 24.12. Julegudsteneste, 27.12. Juletrefest, 3.-5.3. Korpsseminar, 5.3.   Marknad, 18.3. Sogn og Fjordane meisterskap, 7. 5. Fredsmarsj, 8.5. Fredsarrangement i kulturhuset, 17.5. Barnetog og folketog,  31.5. Kosekveld (Musikkens vener), 11.6. Friluftsgudsteneste på Ylvisåker, 23.6. Jonsok på Ylvisåker, 6.8. Alfred 50 år,  12.8. Reidun gifta seg, 15.9. Opning Norane skule, 7.10. Haustmarknad i Fjøra, 11.10. Foreldremøte, 29.10. Marknad i Ungdomslaget.

Slaget ved Fimreite.

Tekstboks:  Den 15. juni 1984 vart det markert  at det var 800 år sidan slaget ved Fimreite. Kong Olav den V. kom. Og sjølvsagt spela korpset for han og alle dei andre gjestene. ”Det gjorde dei også under markeringa på Fimreite den 16. juni der det møtte fram hundrevis av gjester frå Færøyane og andre stader. ”

 

Korpsturar

Korpsturar, utanom eigen musikkkrins, har det vorte mange av. Den første turen gjekk til Florø i 1983. Dette gav meirsmak, og i 1984 stod utlandet, d.v.s Sverige og Liseberg på reisekartet. Frå mange av turane er det gode reiseskildringar.  Frå Sverige-turen i 1984 finn  eg mellom anna:

”Tuneheimen (Sarpsborg) kl 0615. Det byrjar vakne til liv. Den eine etter den andre trer fram or køyene. Sume har sove litt, andre litt meir og nokon endå mindre… Bussen køyrde rett til ”Paddan”. Det er ein open båt som går i Gøtakanal. Denne turen var ein opplevelse i det me fekk sjå mykje av Gøteborg frå sjøen. Deretter vandra me gatelangs som ein saueflokk til ”Kryddan” restaurant, der me skulle ete lunsj. Me var  heldige som kom litt før tida. Du milde måne, nett etter oss kom to skuleklassar til. Det var kamp om sitteplassane. Eg og Jostein måtte dele ein stol etter å ha fått sessa resten av gjengen. Så gjekk turen attende til bussen.

Her vart det hurraliv! Bussen køyrde rett til Liseberg. Her skulle alle musikantane skifta til uniformer i bussen. …

Liseberg: Korpset spelte 7-8 nummer, og dei spelte godt. …Ragnhild hadde vore å handla mat innimellom det harde programmet.  Store auge på  henne når ein forlanger 10-15 brød og 20-25 l mjølk i slengen… Vel heimatt var konklusjonen: Samtlege korpsmedlemer er kjekke å reisa med. Greie ungdomar og born som  ikkje finn på noko tull, men som viste at ein kunne stole på dei. Fine ambassadørar for bygda vår er Norane skule- og ungdomskorps. NB. Ein kan kort nemne      at dei vaksne leiarane som var med på turen også fekk ros av korpset for å vera greie. Kva anna enn vellukka kunne det då bli?

Tekstboks:

Korpsfestival i Molde1986:

”…Folk stansar opp, dei vert som trollbundne, og etter Gamal jegermarsj marsjerer me inn på stemneplassen. 40 korps er oppstilte, og Molde sitt storkorps spela Nasjonalsongen…Alfred var fast faneberar, og frillene hans  var Evy og Oddrun. Dei heldt i duskane alså….No skulle me marsjera frå ein vidgjeten stad, Kongebjørka. Her var ein nydeleg plass, eit godt stykke opp i Molde. Fredsamt, grøne marker og tett skog. … Kvelden gjekk, og plutseleg  var det berre 4 damer igjen. Ingen beskjed. Mystisk. Men då klokka nerma seg midnatt kom alle, sveitte og fæle var dei å sjå på. Men smilande, forteljande  at no hadde dei stifta eit nytt fotballag, og alle skulle fortsetje i musikken.  Arild var så opp i skyene og lova alt no neste tur,- men då skulle han ha med seg fotballsko."

Danmarksturen 1989:

”23. juni: Utruleg nok kom vi fram til Legoland utan problem, og spelinga gjekk bra. Rett etter middag skulle me spela på Jonsokfeiringa i   Vijle. Spelinga gjekk bra, men når me skulle bytta klær hadde bussdøra gått i vranglås. Til slutt klatra Reidun opp på taket og ned gjennom  takluka og braut opp døra. Når me skulle opp att der vi budde, køyrde vi litt feil som vanleg, og det vart litt seint. Når vi skulle legge oss fann ikkje Hallfrid att nøkkelen til rommet. Det var ikkje løge,     for den låg på bordet og døra var låst. John klatra inn gjennom vindauga og låste opp for oss…” 

 

Tekstboks:    

Festivalen på Hamar/Lillehammer og i Liseberg1993:

…Etter den offisielle opninga av ordføraren på Hamar og kulturminister Åse Kleveland spela alle Gammel jegermarsj. Om den kan seiast at dei starta likt, og så prøvde dei å slutta nokonlunde på likt. Fantastisk både  å sjå og å høyre på…… Gebursdagsbarnet sette seg litt til motverje då vi bar han ut gangen. Der stor alle jentene i korpset på rekke og rad med raude trutar for å vere med på den store tvangskyssinga av jubilanten. 

Han sette seg litt til motverje i byrjinga, men gav opp litt etter litt, og såg ut til å lika det på resten… Då vi kom til Valeberg, gjekk dei første av. Det var Fimreitingane. Jammen skulle dei ha bil ut att på Fimreite! Det var vel første gonmgen nokon kom att frå korpstur og tek bil til Fimreite. Flott! Dei takka for seg og hyggleg tur. Alfred takka for turen og for i år. Anfinn takka Musikkens vener for Liseberg-dagen, og etter all denne takkinga klappa vi godt for oss sjølve. Og å klappa for denne gjengen er ikkje vanskeleg. Dei er fantastisk å reisa på tur med, ungane i Norane skule- og ungdomskorps.”

Jubileumsturen til Holland 1999

21.-28. juni 1999 sto Hollandsturen på timeplenen.       Tilsaman 40 stk. var med på Jubileumsturen. Det er på sin plass å gi ros til busssjåføren vår Fritz Karsten som var lokalkjend i Holland og hjelpte oss såleis til å få ein alle tiders ferietur.

England 2003

 

Vi var på hyggjeleg korpstur til Scarborough Music Festival i England 21.-26. juni 2003. 

Scarborough ligg i Yorkshire, brassbandet si vogge og folk her  er glad i korpsmusikk. Vi hadde fleire konsertar og fekk ei god oppleving av at dei likte vårt program.

Arild gav uttrykk for at det var ein av dei beste konsertane vi har hatt nokon gong! Ref. bilde til venstre...

 Meir...

Aurland 2004

18. - 20.juni 2004 var vi gjester på hytta til familien Aasen i Aurland. Vi hadde lånt 2 lavua frå Forsvaret på Voss. Gutane i det eine og jentene i det andre.

Vi hadde konsert på Vangen fyrst på dagen laurdag og speling ved turistskip i Flåm samt minikonsert i Jonsokbryllaup før felleskonsert med Flåm Musikklag under arrangementet Åreleiken.

Medlemane kosa seg med grillmat, leik og spel på hytta.

Meir...

Bornholm 2007

Avreise med buss fredag, 22. juni 2007 med sjåfør Alfred i Nsuk. Fyrste overnatting i Sarpsborg.

Laurdag kjøyrde vi til Gøteborg og vidare med ferje frå Ystad til Bornholm. Vi vart innkvarterte i Storlykke feriepark seint på kvelden.

Meir...

Vestkanten Shoppingsenter i Bergen 2009

Avreise med buss fredag, 12. juni 2009 til Montana i Bergen og Alfred bak rattet.

Laurdag etter frukost direkte til Vestkanten. Godt mottekne der vi hadde konsert på Storsenteret. Gratis brus og pizza fekk vi av senteret servert i bowlinghallen. Og 50% rabatt på bowling og bading på Vannkanten.

Returnerte til Sogn laurdag og var heime til vanleg leggebel...

Meir...

Jubileumsfeiring 2009

Korpset feira 30 årsjubileum 7. november 2009 i Nortun...

Jubileumskonserten var ei stor oppleving!

Vent meir tekst...

Meir...


Styra i Norane skule- og ungdomskorps 1979 – 2009:

Interimstyret 14.2.79 – 22.10.79:

Njål Ølmheim (leiar), Leif Hagen, Gunn Fondenes, Ragnhild Ylvisåker, Astrid Malmin.

1979 - 80: Njål Ølmheim (leiar), Steinar Hagen, Bjørg Lidal, Ragnhild Ylvisåker, Else Fimreite.

1980 – 81: Njål Ølmheim (leiar), Steinar Hagen, Bjørg Lidal, Ragnhild Ylvisåker, Else Fimreite.

1981 – 82: Njål Ølmheim (leiar), Steinar Hagen, Bjørg Lidal, Per Bøtun, Lizzie Fimreite.

1982 – 83: Njål Ølmheim (leiar), Steinar Hagen, Bjørg Lidal, Per Bøtun, Lizzie Fimreite.

1983 – 84: Jostein Fondenes (leiar), Ruth Mansverk, Bjørg Teigen, Gerd Marie Ahlin, Lizzie Fimreite.

1984 – 85: Jostein Fondenes (leiar), Ruth Mansverk, Bjørg Teigen, Gerd Marie Ahlin, Alfred Fardal.

1985 – 86: Alfred Fardal (leiar), Jostein Fondenes, Vivi Ylvisåker, Hallfrid Heggestad, Gerd Marie Ahlin.

1986 – 87: Alfred Fardal (leiar), Arvid Lerheim, Vivi Ylvisåker, Hallfrid Heggestad, Karen Margrete Fardal.

1987 – 88: Alfred Fardal (leiar), Arvid Lerheim, Vigdis Uglane, John Lidal, Karen Margrete Fardal.

1988 – 89: Alfred Fardal (leiar), Arvid Lerheim, Vigdis Uglane, John Lidal, Karen Margrete Fardal.

1989 – 90: Alfred Fardal (leiar), Arvid Lerheim, Bjørg Ølmheim, John Lidal, Karen Margrete Fardal.

1990 – 91: Alfred Fardal (leiar), Arvid Lerheim, Bjørg Ølmheim, John Lidal, Hans Jørgen Binningsbø.

1991 – 92: Alfred Fardal (leiar), Arvid Lerheim, Bjørg Ølmheim, Sissel Melvær, Hans Jørgen Binningsbø.

1992 – 93: Alfred Fardal (leiar), Arvid Lerheim, Bjørg Ølmheim, Sissel Melvær, Hans Jørgen Binningsbø.

1993 – 94: Alfred Fardal (leiar), Arvid Lerheim, Bjørg Ølmheim, Sissel Melvær, Hans Jørgen Binningsbø.

1994 – 95: Alfred Fardal (leiar), Normann Henning Fimreite, Bjørg Ølmheim, Sissel Melvær, Gunnborg Lyngset.

1995 – 96: Oddvar Lyngset (leiar), Augun Nes, Normann Henning Fimreite, Kari Gunn Haugen, Gunnborg Lyngset.

1996 – 97: Oddvar Lyngset (leiar), Lars Nornes, Normann Henning Fimreite, Kari Gunn Haugen, Karen Marie Hjelmeseter.

1997 – 98: Karen Marie Hjelmeseter (leiar), Lars Nornes, Normann Henning Fimreite, Berit Marie Slinde, Oddvar Lyngset.

1998 – 99: Karen Marie Hjelmeseter (leiar), Lars Nornes, Normann Henning Fimreite, Berit Marie Slinde, Oddvar Lyngset.

1999 - 00: Karen Marie Hjelmeseter (leiar), Berit Marie Slinde, Normann Henning Fimreite, Ester Aaberge, Reidun Nornes.

2000 - 01: Gunn Haugen (leiar), Reidun Nornes, Ester Aaberge, Kari Margrethe Fardal, Leif Arne Aasen.

2001 - 02: Gunn Haugen (leiar), Reidun Nornes, Kari Margrethe Fardal, Ester Aaberge, Leif Arne Aasen.

2002 - 03: Ellen Njøs Slinde (leiar), Sissel Melvær, Ester Aaberge, Kari Margrethe Fardal, Leif Arne Aasen.

2003 - 04: Ellen Njøs Slinde (leiar), Sissel Melvær, Leif Arne Aasen, Kari Margrethe Fardal, Ester Aaberge.

2004 - 05: Sissel Melvær (leiar), Norunn Ølmheim, Rolf Dahl, Hilde Bøtun, Leif Arne Aasen.

2005 - 06: Hilde Bøtun (leiar), Ivar Slinde, Liv Synnøve Bøyum, Rolf Dahl, Leif Arne Aasen.

2006 - 07: Hilde Bøtun (leiar), Ivar Slinde, Rolf Dahl, Liv Synnøve Bøyum, Leif Arne Aasen.

2007 - 08: Hilde Bøtun (leiar), Ann Kitty Vathne, Rolf Dahl, Heidi Fondenes, Leif Arne Aasen.

2008 - 09: Hilde Bøtun (leiar), Ann Kitty Vathne, Rolf Dahl, Heidi Fondenes, Leif Arne Aasen.

Dirigent 1979 – 2009:

Arild Slinde.

Norane skule- og ungdomskorps sin 10-års medalje er tildelt:

Egil Fimreite, Geir Ove Lyngset, Morten Aasen, Arnfinn Fardal, Nils Melvær Nornes, Hilde Bøtun, Heidi Fondenes, Nina Lidal, Oddny Elise Falkgjerdet, Svein Ove Slinde, Ole Morten Fardal, Normann Henning Fimreite, Alise Nornes, Leif Arne Aasen og Arild Slinde.

Norges Musikkkorps Forbund sin fortenestemedalje 1989 tildelt:

Leif Arne Aasen

Norane skule- og ungdomskorps sin 20-årsmedalje tildelt:

Leif Arne Aasen og Arild Slinde

Sogndal Kommune kulturpris 1999 tildelt:

Arild Slinde og Leif Arne Aasen

Grunngjeving: For stor innsats i Norane Skule- og Ungdomskorps gjennom 20 år

Norges Musikkkorps Forbund sin 30-årsmedalje 2009 tildelt:

Arild Slinde og Leif Arne Aasen

Stemner og korpsturar:

1981: Skulemusikkstemna i Gaupne

1982: Skulemusikkstemna i Lærdal

1983: Krinsstemne i Florø og Skulemusikkstemna i Aurland

1984: Korpstur til Gøteborg

1985: Skulemusikkstemna i Fresvik og korpsfestival på Lillestrøm

1986: Skulemusikkstemna i Gaupne  og festivaltur til Molde

1987: Musikkstemna i Naustdal

1988: Musikkstemna i Florø

1989: Korpstur til Danmark

1990: Korpstur til Mjøsfestivalen og Fjordfestivalen i Årdal

1991: Skulemusikkstemna i Leikanger

1992: Korpsstemne i Kristiansand

1993: Festival på Hamar og Lillehammer. Tur til Liseberg, Sverige

1994: Korpstur til Vossafestivalen.

1995: Deltok i Sogn og Fjordane meisterskapet for skulekorps i Stryn

1996: Korpstur til Farrisfestivalen i Larvik

1997: Korpstur til Musikk te’ 1000 i Trondheim

1998: Korpstur til Skjolden

1999: Jubileumstur til Holland

2000: Korpstur til Gol

2001: Korpstur Skjærgårdsfestivalen i Tønsberg

2002: Korpstur Sykkylven

2003: Korpstur til England

2004: Korpstur til Aurland og Flåm

2005: Korpstur til Gjøvik og Mjøsfestivalen

2006: Korpstur til Fjærland

2007: Korpstur til Bornholm i Danmark

2009: Korpstur til Vestkanten Shoppingsenter i Bergen

Kjelder:

Lags- og styreprotokollane til Norane skule- og ungdomskorps.

Notat frå stemner og korpsturar og ymse lagspapir.

Aviser.

jf/la/mfl Oppdatert: 14.12.2009

Startside

Medlemar

Lagssoga

Terminliste

Styret

Konsertar

Seminar

Musikkens venner

Korpsturar